Music/Musikk

DET STIG AV HAV

Det stig av hav eit Alveland
med tind og mo
det kviler klårt mot himmelrand
i kveldblå ro

Eg såg det tidt som sveipt i eim
bak havdis grå
Det er ein huld, ein heilag heim,
me ei kan nå